Aktive barn på aktivitetsdag


Fredag 10. mai var 13 barn frå 1.-4. klasse med på aktivitetsdag i kyrkja og tur til Bjergane i deilig maivêr!

 

Så kjekt det var å treffe desse barna! Fredag 10. mai hadde vi nydeleg vêr. Det var ingen grunn til å klage over at det var verken kaldt eller vått, sjølv om vegen opp til Bjergane var litt slitsom for nokre. Då gjorde det ekstra godt med mat og drikke!

Tilbake i kyrkja vart det servert pølser og litt godteri.

På føremiddag hadde vi øvd inn eit dramastykke om to av Jesus sine venner som gjekk etter vegen og prata ilag den dagen Jesus hadde stått opp av grava. Men dei trudde ikkje dei rykta dei hadde høyrt. Heller ikkje forstod dei at det var Jesus sjølv som kom og gjekk ilag med dei, før dei var heime i Emmaus, og Jesus åt kveldsmat ilag med dei. Då forstod dei det plutseleg.

Då skunda dei seg tilbake til Jerusalem for å fortelje det til dei andre vennene som var der, og der kom Jesus og viste seg for dei igjen!

Barna fekk også lære om kvifor vi feirar Kristi Himmelfartsdag og pinse, og om at Jesus har sagt at vi skal fortelje om han til alle på heile jorda. Det er litt av eit oppdrag!

Og så song vi om "annerledeshuset" som er høgt under taket, og der det er plass til alle.

Takk til alle som var med, og til foreldre og andre som stilte opp og hjelpte til!

 

Fleire bilete er å finne på Sandøy Sokneråd si Facebookside. Aktivitetsdagen

(Foto: Inger Valbø. Publisert med løyve frå føresette)

Tilbake