AKTIVITETSDAG FOR 1.-4. KLASSE


Fredag 10. mai inviterer vi alle som går i 1.-4. klasse til AKTIVITETSDAG kl.10.00-15.30.

Det blir sporløp, natursti, lunsj på Bjergane og pølser i kyrkja.


 

 

Påmelding innan 6. mai her: Påmeldingsskjema for Aktivitetsdagen

Dagen etter Kristi Himmelfartsdag er det også skulefri. Nokre av dykk skal kanskje reise bort i langhelga, men vi håper at fleire blir igjen og kan vere med på aktivitetsdagen! Vi skal gjere mykje gøy!
Du som er medlem i kyrkja, får brev i posten, men alle som går i første, andre, tredje eller fjerde klasse, kan bli med. Få gjerne med deg klassevennene dine!


Vi startar med aktivitetar i kyrkja og går deretter opp til Bjergane, der vi har lunsj, leik og natursti. Tilbake i kyrkja skal vi lage utstilling av ting vi finn i naturen. Foreldre og søsken er velkomne til avslutning i kyrkjerommet kl 14.30 og gratis pølser og brød i kyrkjekjellaren etterpå!

PROGRAM:                                     
10.00         Frammøte i Harøy kyrkje. Registrering.

                  Samling med song, bibelforteljing og øving på  dramastykke.                               
11.00         Sporløp frå kyrkja og opp til Bjergane                     
11.30         Medbrakt lunsj på Bjergane                                  
12.15         Gøyme-og-leite og andre leikar                            
13.00         Natursti
13.30         Gå tilbake til kyrkja. Ta med ting frå naturen. 
14.00         Førebu samling i kyrkja. Øve
14.30         Samling i kyrkja. Utstilling av ting frå naturen
15.00         Kyrkjekjellaren: Gratis pølser og brød til alle.
                 Takk for i dag!


I tilfelle dårleg vêr, planlegg vi aktivitetar innandørs.


Ta med:    
⦁    Matpakke og drikkeflaske til lunsj ca kl 11.30    
⦁    Sitjeunderlag                                                                                                    
⦁    Klede og sko som passar til vêret (kanskje eit skift eller to)                                                            
⦁    Evt medisin                                                                                           -
⦁    Godt humør

HUGS PÅMELDINGSFRISTEN 6. MAI!
Meld frå om eventuelle allergiar! 
Gi gjerne beskjed om foreldre kan vere med på turen.


Lurer du på noko meir? Ta kontakt med Inger på tlf 90404124 eller e-post:
inger.lovise.valbo@kyrkja.haram.no     

Med venleg helsing
Inger Valbø, kyrkjelydspedagog i Haram & Sandøy    

Stein Inge Skogen, Norunn Blokkum m.fl.
Sandøy sokneråd

Tilbake