- Det skulle vore LysVaken minst fire gonger i året!
Uttalen kjem frå ein av dei som deltok på LysVaken i Harøy kyrkje 12.-13. april.
Av lesarane er det kanskje enkelte som har sove i kyrkja under ei gudsteneste, men truleg er det ingen som har overnatta i Harøy kyrkje før.
Fire 6. klassingar og ein 5. klassing fekk prøve å sove i kyrkja. Ein 4. klassing som hadde veldig lyst til å vere med storebroren, måtte finne seg i å sove heime, men han fekk vere med på resten av programmet og spela faktisk hovudrolla i bibeldramatiseringa.
5. klassingar over heile landet blir inviterte til LysVaken-helg i kyrkja dei tilhøyrer. I nokre sokn er det små elevkull, så då blir 5. og 6. klasse inviterte ilag annankvart år. Årstida er oftast november-desember, men det gjekk fint å ha det på våren, også. Utpå kvelden vart det mørkt nok til å gjennomføre refleksløp ute. Regnet hadde heldigvis letta, men vindfullt var det.
Foreldre kom med pizza eller stilte som nattevakt, og laurdag føremiddag kom foreldre og søsken til eit ope familiemøte. Då framførte barna LysVaken-songen og dramatiserte likninga om den bortkomne sonen. Kyrkjelydspedagogen fortalde om ein japansk ungdom som sakna ein far som var glad i han. Livet vart forandra då han vart ein kristen og fekk kalle Gud sin far.
På samlinga var det også mykje allsong, og det var bønevandring med ulike postar. For underteikna var høgdepunktet postludiet, der barna spela på afrikanske trommer til eit arrangement over den afrikanske melodien Shiahamb’, arrangert og framført av Robert Coates på orgel. Då svinga det i kyrkja!
La oss høyre deltakarane sjølve uttale seg om kva som var gøyast med LysVaken:
Det som gjorde sterkast inntrykk på Daniil, var å få spela rolla som storebror til den bortkomne sonen, og å lære japansk. Ingrid likte best refleksløp, quiz og å lære japansk. Både Lisa og Olav seier at å lære japansk var gøyast. Jonas syntest at alt var gøy. Olav Severin likte kanskje best film, snop og å lære japansk. Alt var eigentleg like gøy, meiner han, og legg til:
- Det skulle vore LysVaken minst 4 gonger i året!
Det var kjekt å få bli kjent med folk på Harøya. Det blir heldigvis fleire sjansar, også for dei som ikkje kunne vere med denne helga. 10. mai (inneklemt fredag) blir det aktivitetsdag på Harøya for 1.-4. klasse, og 25.-26. mai blir 6. og 7. klasse inviterte til KodeB-leir i Gjersetdalen i lag med jamaldringar frå heile Haram. Vi møtest vel igjen då?
Sjå fleire bilete på Sandøy sokneråd si Facebook-side: Facebook
Skrive av Inger Valbø
Kyrkjelydspedagog
(Deltakarar og føresette har godkjent bruk av foto og namn)