Vil du ha eit godt råd?


Vil du vera med og gi kyrkjelyden din eit godt sokneråd? Eller kjenner du nokon som kan bli utfordra til å sitja i vårt sokneråd?

Til hausten er det kyrkjeval. Det betyr at vi skal velja nytt sokneråd i kyrkjelydane våre.

 

Sokneråda møtest frå 8-10 gonger i året, soknepresten er medlem, i tillegg til 6-8 valde medlemmar.

I Ålesund har vi desse sokneråda:

  • Sandøy sokn
  • Haram og Fjørtoft sokn (to sokn, felles sokneråd)
  • Hamnsund sokn
  • Brattvåg sokn
  • Vatne sokn
  • Ørskog sokn
  • Skodje sokn
  • Spjelkavik sokn
  • Borgund sokn
  • Ellingsøy sokn
  • Ålesund og Volsdalen sokn

Soknerådet arbeider med diakoni og omsorgsteneste. Rådet lagar også planar innanfor kyrkjemusikk og er med på å legga dei overordna føringane for gudstenester og konfirmasjonsundervisning, for å nemna noko.

Ei nasjonal undersøking blant sitjande soknerådsmedlemmar viser at eit stort fleirtal trivst og opplever det som meiningsfylt å vera med i soknerådet.

Vil du vera med på laget?

Kontakt leiar i nominasjonskomitéen eller soknerådsleiar i ditt sokn.

Hvis du treng info om kven det er kan du ta kontakt med oss på Servicekontoret på tlf 70 16 53 00 eller send en epost til postmottak@kyrkja.alesund.no

Tilbake