Sandøy kyrkje er ei åttekanta kyrkje frå 1812. Byggverket, i tømmer, har 350 plassar. Altertavla frå 1818 er laga av Tavle-Jakob. Riksantikvaren skriv mellom anna dette: Kyrkja erstatta kapellet frå 1708. Deler av inventaret i kyrkja vart flytta over frå det gamle kapellet, mellom anna dåpsfatet, kyrkjeskipet frå 15-1600-talet, altarkalk og disk frå 1740. Lysekrona, altarstakar og preikestol er òg eldre enn kyrkjebygget. Den vakre altertavla vart bygd då kyrkja var ny, laga av Jakob Sørensen Giskegård, eller Tavle-Jakob, som han vart kalla.
I 1879 vart kyrkje restaurert, og fekk mellom anna påbygd sakristi og utvida galleri. Gallerifrontane er rosemåla, noko også benkedørene er. Rosemålinga vart utført av jenny Husøy Wisth. Då kyrkja feira 100 år, i 1912, vart ho måla innvendig. Også altertavla fekk eit strøk måling, alt dette etter planar utarbeida av Lars Kinsarvik. I 1936 kom orgel på plass. Dette vart seinare skifta ut.