Sandøy kyrkjelyd > Vis


Smittevernregler og jula 2021


 

Vi ønskjer velkomne til 4 ulike gudstenester i Sandøy og Harøy kyrkjer i jula og nyttåret! Det blir mykje fin song og musikk på alle gudstenestene, som det går fram av programmet du finn nedanfor her. 

Grunna nye smittevernregler frå 15. desember av må det brukast munnbind, 1-metersregelen gjeld, og det verste: det er ikkje lov å ta inn meir enn 50 i kyrkja på kvart samvær (utanom personalet/aktørane i gudstenesta). 

Vi praktiserer "først til mølla"-prinsippet, og oppfordrar deg til å kome i god tid! 

NB: Alle må ha munnbind når dei kjem. Ved døra blir du registrert med namn og telefonnummer, og du blir tilvist plass inne i kyrkja av ein kyrkjevert. Når du er komen på plass, kan du ta av munnbindet. Så er det på att med munnbindet før vi går ut.

NB: Når det gjeld dei to gudstenestene; julaftan og 1.juledag, oppfordrar vi barnefamiliar til å kome på julaftan, mens vaksne/eldre kan prioritere høgtidsgudstenesta på 1. juledag. På nyttårsaftan inviterer vi særskilt dei pårørande til folk som er døde sist år.

 Så ønskjer vi alle ei velsigna julehøgtid!

 

Julaftan 24.12.2021:

Sandøy kyrkje kl 11.00: Familiegudsteneste v/Per Inge Vik og Ilona Ruseckaite-Lapinskiene. Song av Linn Mari og Ole Teodor.

Harøy kyrkje kl 13:00: Familiegudsteneste v/Per Inge Vik og Ilona Ruseckaite-Lapinskiene. Song av Ingrid Elise Steinshamn.

 

1.juledag 25.12.2021:

Harøy kyrkje kl 11:00: Høgtidsgudsteneste v/Per Inge Vik og Ilona Ruseckaite-Lapinskiene. Fiolin: Stein Arild Espeland.

 

Nyttårsaftan 31.12.2021:

Harøy kyrkje kl 12:00Minnegudsteneste v/ Per Inge Vik og Ilona Ruseckaite-Lapinskiene. Solosong av Ronald Brunvoll. Song av Harøy Mannskor på kyrkjetrappa etter gudstenesta. 

Tilbake